- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
137

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Bondeungdomslaget i Oslo

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

137

Fyrr 1912 var ende, kom eit stortings-val som sopa
Bratlie vekk for alltid.

Gunnar Knudsen kom til roret att, med eit veldigt
fleirtal i Stortinget.

Løvland vart fyrste stortings-president. Det laga seg
godt til ioo-års-minnet på Eidsvoll.

Den 17de mai 1914 var Stortinget og riksstyret samla
på Eidsvoll i same salen som Eidsvolls-mennene nytta i
18x4. Løvland tala på nynorsk. Minnet vart levande:
her i dag for hundrad år sidan! her stod Falsen! der sat
Christie!

Dei skulde ha stade uppatt og set Noregs nye dag
dei trufaste frå 1814. Dei skulde høyrt
stortingspresidenten. Dei skulde upplevt det sjølvstendige Noreg.
Det var andre tider enn då Christian Fredrik fekk
kongekruna!

Bondeungdomslaget i Oslo fekk sjå uppfyllt det som
var sagt på lags-møtet nokre år i fyrevegen.

Som i 1814 stod bøndene vakt um Noregs sjølvstende.

Og no var ein sørlands-bonde stortings-president!

#

Eit gasta tiltak av norsk bonde-ungdom var «Det
norske teatret».

Hulda Garborg var fyrste teater-instruktør, og ho
greidde det fint.

Arne Garborg studde uppunder med all si makt.
Han hadde sjølv skrive spelstykke som høvde Og no
sette han um til nynorsk fleire skodespel. Serleg må me
minnast «Jeppe på berget», som Garborg gav norsk
bondesvip. Framsyningi av Jeppe vart ein stor siger for norsken.

I det heile synte «det norske teatret» at nynorsk er eit
høvelegt kulturmål.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0139.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free