- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
144

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Biskop Bang

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Biskop Bang
Biskop Bang


Biskop F. W. Bugge, som fylgde etter gamle
Essen-drop på Oslo bispestol, var ikkje lenge liv lagen.

Ein prest meinte han døydde til straff for han hadde
teke den moderne teologi under armane! Han hadde
fenge i stand ei rekkja teologiske foredrag i Vår Frelsars
kyrkja i Oslo til upplysning for tenkjande kristne. Og
millom foredragshaldarane var ogso Simon Michelet!

Biskop Bugge er all æra verd, for han var so pass
roms-leg. I fleire leider viste han seg å vera ein bra bisp.

Ved bispevalet, då han var burte, fekk Gustav Jensen
flest røyster. Men han vilde ikkje taka imot bispeembetet,
diverre. Han vilde ha vore ein bisp av Guds nåde.

Men Bang var i mange måtar mannen på rette staden:
djerv og uredd, uvyrden og naiv, med norsk godvilje
og norsk hjartelag. Han skal leva i minnet for dei tak
han tok i norsk leid.

*



Hans vitskaplege arbeid bar og merke av hans
nasjonale og folkelege karakter.

Fyrste stor-verket hans var boki um Hans Nilsson
Hauge, den boki som gav Jacob B. Bull emne til hans
gode historiske roman.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free