- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
147

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Biskop Bang

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

147

«motsigelsens tegn». Professor Bang snakka difor i
fyre-vegen med Vigander: han måtte passa på at tala for Jakob
Sverdrup vart upolitisk, so alle kunde drikka hans skål.
Johan Lavik fekk den jobben, og han greidde seg godt.
Han var Sverdrups elev frå folkehøgskulen i Sogndal, og
knytte tala si til minne derifrå. Han tala klingande norsk,
som han alltid gjorde i studentåri.

Eit strålande hende på seksaen var då Anders Hovden
tok ordet. «Eg hev jamt tykt at teologane var nokre
keid-same karar, som berre gjekk og hengde med hovudet, og
tok alt gravålvorleg. Men i kveld ser eg dei er som andre
menneske.» So skildra han livet i biletet frå dei norske
fjordane der han var uppvaksen, og la det salt-friske
sjø-livet til grunn for preste-tenesta. Eg gådde kor Jakob
Sverdrup skoda på Hovden med lev ande samhug; han
naut kvart ordet.

Biskop Essendrop kom ikkje. Av professorane kom
berre Munch og Bang, forutan stipendiat Odland.

Men alle praktikand-lærarane var der. Og
justi-tarius Broch, læråren i kyrkje-rett, heldt same tala som
han ved slike høve tidt hadde gjort: «Jeg er lærer i
kirkerett, jus ecclesiasticum, quodnam est contemnendum.
Mitt fag er det frieste av alle fag til praktikum. I alle andre
fag blir det holdt eksamen; men i mitt fag er det ingen
eksamen; derfor er det helt frivillig om kandidatene
hører på mig. Og da tidene blir friere og friere, venter
jeg at mine tilhørere blir flere og flere.»

Det var mykje song den kvelden. Ferdinand Rojahn
hadde sveisa i hop eit songkor, som millom anna song
«Framåt, framåt på ljusens bana!» Det var stemning,
ålvor og gaman. Og professor Bang var ein koseleg gjest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0149.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free