- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
149

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Biskop Bang

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

149

vigsla; ho gav han varme og inspirasjon. Han hev sjølv
skrive at han takka Gud for at vegen att-ende til
Universitetet vart stengd for han. Presteåret der i hovudstaden

var eit rikt år for han. Og so vart han biskop.

*



I femtan år sat han på Oslo bispestol.

Ein lysande karriére hadde fiskarguten Anton Christian
Bang gjort: prest, professor, statsråd, bisp!

Mange hev meint han var mest vitskaps-mann, og
burde helst ha stogga ved Universitetet.

Men mange av oss meiner det var ei lukka for den

norske kyrkja at han var Oslo-bisp dei åri.



Uheppen kunde han vera, djerv og uvyrden som han var.

Ved kong Oskars 25-årsjubileum i 1897 heldt biskop
Bang ei preik som ingen var nøgd med. Det var då han
sa dei ordi: «Jeg står for historiens domstol, og jeg er mig
vel bevisst rekkevidden av mine ord når jeg sier: der har
siden Olavs og Håkons dager ingen sittet på Norges
kongsstol som har forstått det norske folk så godt som
kong Oskar II.»

Kongen sjølv skal ha sagt: «Jeg går ikke i kirke for
å høre min egen ros.»

Nils Vogt sa: «Morgenbladet fralegger seg ethvert
ansvar for at den mannen er blitt biskop.»

Professor Ludv. Daae rasa yver «disse fordømte
seminarister».

Jamvel biskop Heuch laut medgjeva at det fanst
«ikke et kristelig ord i hele preken». Men han la til:
det var en meget modig preken! han vil nok få høre det i
den radikale presse!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0151.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free