- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
151

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Biskop Bang

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

han mange dyre erve-luter som var kasta vekk. Han bad
um å få med seg det han kunde frakta. Og folk sa ikkje nei
til bispen! Han berga soleis mangt av verde frå gløymsla
og frå vanvyrdnad.

Men kyrkjetilsyni trega; dei tok til å skyna pd det dei
fyrr hadde vanvyrdt. Det vart murring frå fleire kantar.
Biskop Heuch sa: han må vera glad han ikke kommer på
Botsfengslet!!

Då biskop Tandberg drog inn i Oslo bispegård, fekk
han ei heil onn med å senda alt att-ende til kyrkjene.

Men Bang skal ha takk og æra for han opna augo
hjå bygdefolket for verdet av sovorne kultur-minne.

For meg var Bang ein gjæv bisp.

Han hadde sagt De til meg i studentdagane. No sa
han du til meg, og bad meg kalla han farbror!

Ein gong bad han meg frå stortingsmann Bøen i ld
um å koma ned og tala mot dei svenske «ungsosialistane»,
som egg ja upp ungdomen i Austfold!

«Du får gjøre det,» sa Bang.

«Ja, eg skal gjerne fara dit,» svara eg, «men er det
rasjonelt dette: å la rottene spela seg fritt, og so senda
ein prest til å preika mot dei ?»

«Nei, de er så blaute her i landet!» sa Bang.

Ja eg för dit, preika i kyrkjene, og heldt sosiale
foredrag for ungdomen.

Um nokon «ungsosialist» lydde på meg, er tvilsamt.

Um det muna noko, veit eg ikkje.

Det einaste eg veit, var at den varmhjarta Bøen tok
hjarteleg mot meg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free