- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
158

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Biskop Wexelsen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

158

Byråsjef Michelsen var 6g ein heidersmann av den
gamle skulen, frå den tid parolen lydde: embetsmennenes
kår skal være mellem tarvelig og bekymringsfullt. Dei
ordi vert hermde etter finansminister Helgesen.

Eg hadde bygt veranda på Lårdals prestegard. Ved
fyrste synstenesta etter den nye prestegards-lovi vart
verandaen uppført til innkjøp for embetet for 500 kr.
Då eg kom inn til byråsjef Michelsen, sa han: «Veranda
på prestegårder! Det skulde vært i statsråd Riddervolds
tid! så skulde De fått høre hvor David kjøpte øiet!»

Det gjekk ti dr fyrr departementet kjøpte den verandaen.

*



Sjølvsagt skynar me vanskane med å rasjonera
penge-løyvingane til dei mange hundrad prestegardane. Me
skynar kor vanskelegt det er for ein kyrkjeminister å
gripa inn. So mykje større vyrdnad er Wexelsen verd

når han gong på gong maktast å greia flokane, fint og klokt.

#

Etter kvart kom prestane til å sjå upp til Wexelsen.
«Det er nå mest fordi jeg har forbedret prestelønene det!»
sa han sjølv med ein smil.

Men i politikken fekk Wexelsen røyna vondskapen
til gangs. Motmennene leita etter det som kunde sulka
namnet hans. Eg veit ein sumardag ein vyrd høgre-talar
var på veg til eit politisk møte. Det var «val-år», og so sa
han høgt so mange høyrde det: «Wexelsen er verst, for
han er prest! men nu har vi fått en historie om ham som
skal gjøre ham umulig.» Det var noko ein bladstyrar
hadde fortalt. Hadde ikkje den bladstyraren straks etter
kome på sinnsjukehus, vilde han fenge ein injurie-prosess.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free