- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
161

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Biskop Wexelsen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i6i

norske ungdomsskulane. Høgskulestyrar Lars Eskeland
og amtskulestyrar Renolen var dei tvo andre i nemndi.

Wexelsen elska folkehøgskulane. I si minister-tid
hadde han hjelpt dei til tryggare kår. Han hadde fenge
umframs løyvingar av rikskassa til fem utvida
folkehøg-skular. Og han hadde plan-lagt Eidsvoll folkehøgskule
med beinveges riks-studnad. Han gjorde seg mykje
fyre for å trygda denne skulen. Han tok til vilkår at
presten Erling Grønland skulde vera lærar på høgskulen.
Med han og Eivind Berggrav til lærarar skulde Eidsvoll
folkehøgskule havt gode sjansar.

Men det viste seg at det er den bakvende visa fyrst å
skipa skule og so finna skulestyrar. Ein folkehøgskule
må vera ein manns verk frå fyrste stund. Då Grønland
og Berggrav gjekk yver i onnor tenesta, ramla heile
skulen. Einaste trøysti er at dei drustelege bygningane er

tekne i bruk av Eidsvoll landsgymnas.

*



Biskop Wexelsen skreiv ei avskils-helsing til
kyrkje-lydane i bispedømet sitt då han vart liggjande sjuk.

Den helsingi er eit «hyrdebrev», vel verdt å prentast
og spreidast urnatt og urnatt. Eg tok og sette det um og
sette inn mykje av det i kyrkjebladet vårt i Ullensvang.

Eg vil herma noko av det her til sist.

«Augo mine fylgjer med samkjensla det mang-slungne
livet utanfyre med all striden og lidingi og vokstren. Den
hugheile yvertydingi fastnar i meg: det som skal greia
vanskane, det som skal jamna striden, det som skal lækja
det sjuke og døyva det vonde i samfundslivet, — det er
same makt som hev stillt stormar og skapt fred i vår eigen
hug: Jesus Krist, Frelsaren, Herren. Helseboti er kristen-

11 — Anker: UngdomBprest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free