- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
167

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

iö7

Rentene av obligasjonen kunde nyttast til alders-trygd
eller sjølv-pensjonering.

Eg vona norsk ungdom skulde koma i vane med å
spara og leggja seg upp, til auke av nasjonalrikdomen.

Den norske ståt kunde på den måten få
innanlands-lån, og verta fri umsyn til vin-landi, som sette
vin-inn-førsla til vilkår for statslån.

Eg preika um dette mange stader. Eg la planen fram

for tri av riksrådane. Men det vart ingenting av det heile.

*



«Er dette kristendom?» spør du. Ja det er det. Praktisk
kristendom set sovore krav til ungdomen. Det er
u-kriste-legt å bruka upp alt ein tener, og meir til!

I foredragi mine fortalde eg um ein skogs-arbeidar
som hadde tent gode pengar. Men då han skulde gifta
seg, gjekk han til ein morbror og lånte 70 kr., so han fekk
kjøpa seg naudsynleg hus-bunad! han var kje so pass
kar at han kunde setja fot under eige bord! Alt det han
hadde tent då? Ja det hadde stroke med det, du!

Det var ein hugnad å herma ord av Ludvig Hope:

«Det vore meir til æra for Gud um kvar bonde åtte
garden sin, kvar fiskar åtte båten sin, og kvar ungdom
hadde ei bankbok! meir til æra for Gud enn når dei dreg
på seg større gjeld enn dei kan greia. Ei av dei største
ulukker i vår tid er at folk brukar upp med ein gong det
dei kan få tak i; og når alt er uppbrukt, skal samfundet
fø dei! Ingen vil vel våga seg ja at det er kristelegt?»

Soleis talar Hope i ei andakts-bok. Han hev stor rett.
«Økonomisk sjølvstende er den halve karakterstyrke.»

Tvo foredrag eg heldt, gjekk i same leidi. Det eine
nemnde eg «Folke-vekkjing», det andre: «Kva krev vår
tid av ungdomen?»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free