- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
174

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

174

Den hjarte-gode biskop Thorkildsen! Eg lyt fortelja
meir um han. Det vert alt i hop ljos og varme i
kristendomen.

I Risør-kyrkja ved eit misjons-møte sa han nokre ord
som er vel verde å gøymast.

Ein emissær hadde på møtet sagt det var so gale at
prestane var formenn i misjons-lagi! det var «statskirkens
døde hånd over misjons-arbeidet». Det vart uppstyr.
Ein prest stod med hovudet på skakke: «Jeg er formann i
misjonsforeningen; men jeg tror ingen føler noe trykk av
det.» Nei det skyna alle. Prosten Lützow Holm tok
statistikk, og upplyste det var berre ti misjonslag i heile
krinsen som hadde presten til formann; «hvorfor da dømme
hele kretsen for de ti urettferdiges skyld?»

Men so kom Thorkildsen: «All magtsyge er en
vederstyggelighed, enten den findes hos lægfolk eller hos
prester.» Det sokk ned i alle. Det beit so mykje djupare
for di alle visste at Thorkildsen var heilt fri for maktsykja
sjølv.

Nyårs-helsingi eg fekk frå Thorkildsen nyår 1906,
hev eg gøymt på: «Jeg sitter nettop og leser i almanakken
alle data fra 1905. Med sine tørre tall og fakta fanger den
hugen, som eventyret fanger smågutten.»

Ein stad Thorkildsen var på visitas i ei sørlands-bygd,
kom nokre bygdefolk med åtak på presten sin. Dei heldt
han ikkje for ein rett kristen. Dei hadde mykje å lasta
han for, ikkje minst for preikene hans. Berre ein gong
braut bispen av. Dei klaga yver at presten i
bededags-preiki hadde sagt «at den ugudlege skal søgja Herren!
det kan ikkje den ugudlege gjera, det er Herren som må
søgja han». Då braut Thorkildsen av: «Ja men der må jeg
da virkelig gi presten rett! det står da i bededags-teksten:
søger Herren medens han findes! den ugudelige forlade

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0176.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free