- Project Runeberg -  Festskrift til professor Amund Helland paa hans 70aars fødselsdag 11. oktober 1916 /
61

(1916) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«NORGES LAND OG FOLK»

statistik 1896, og mange, mange fleire skrivter. Han hadde granska landet,
bygnad av berg og aur, votn og bræ, elvar og fjordar, næringsliv og
folkeliv og gjeve av sine kunnskapar og sine sjølvstendige og frie gran«
skingar og tankar i talar, bladstykkje, tidsskrivter og serskilde bokverk
til alle sidur. Og denne vidfemnande gransking hev han halde paa med
under arbeidet med sit store verk, som soleis hev fengje godt av alt det
han visste fyrr og det han sidan hev funne ut.

Og det er mykje. Somt hev han prenta serskilt. Sjaa her: Jagtloven
og vor gamle ret 1899. Helleristninger ved Glomen i Melø 1900, Sverres
saga og egnen om Fimreite 1900, Norske folkeviser 1900, Vasdragene i
Nordlands amt med et hydrografisk kart af G. Sætren 1907, Oldfundene
og Norges folkemængde i forhistoriske tider 1908, Norges overflate 1909,
Indvandring af planter i Lofoten 1898, Bergverksdrift og stenbrytning i
Norge 1900—01, Ferkvandsfiskenes indvandring i Norge 1908, Trægrænsen
og sommervarmen 1912, Almenningerne og høifjeldet 1913 og Rovdyrene
i Norge 1914. Og meir til.

Til eit slikt aalment verk som «Norges land og folk» trengdest det
ein mann, som sjølv stod paa høgdi av si tid, inkje berre i si eigji ser«
lege lærdomsgrein, men ogso i hjelpegreiner, og som aatte den rike aalmen«
daning og den praktiske sans for alle dei sakerne og alle dei krav, som
fylgde med uppgaava. Ein meir alsidug, kunnskapsrik, fordomsfri, prak«
tisk og arbeidssterk mann kunde me inkje finna.

So hev han det rette gripet paa aa nytta alle kjellur og al tilhjelp til
arbeidet: gamle og nye skrivter, innlendske og utlendske fraa alle dei
kunnskapsgreiner han hadde bruk for, bibliotek og andre institutionar,
kunnige folk i by og bygd, fagmenn og andre medarbeidarar. Han orga«
nisera arbeidet, og samstundes tok han ferder til dei fylkji han arbeidde
med. Med’ eg skriv dette, fer han best som det er, ut til Aaslo, Mo«
løkka, Rodeløkka, Ullevaal og andre utkantar for personleg aa utspeja
hovudstaden, som han no arbeider med, eller til Hordaland som han skal
til med.

Ein kan vita at boki er serskilt rik og forvitneleg i dei emne, der
forfattaren er ein av dei førande granskararne: geologi og bergbygnad.
Han hev sjølv fare Island rundt, og granska joklar og vulkanar. Naar
han saag paa alt det arbeid med skuring av fjelli og tillaging av dalar,
votn og fjordar som isen hev gjort i Norig, so reiste han upp til Grøn«
land, som liver i den istidi me fyrr hev havt, for aa sjaa den store iskrafti
i arbeid. Og der fann han at tyngdi av innlandsisen driv dei store jok«
larne elder bræarne som «kalvar» isberg ut i havet, nedgjenom dalarne og

61

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:50:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ahelland70/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free