- Project Runeberg -  Festskrift til professor Amund Helland paa hans 70aars fødselsdag 11. oktober 1916 /
62

(1916) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

J. LØVLAND

fjordarne med ein fart av 20 meter i jamdøgret, medan vaare smaabræar
berre sig nokre tumar. Dette gav nyt syn paa det uhorvelege skurings«,
brjotings* og skuvingsarbeidet som vaare dal* og fjordbræar hev gjort den
tidi dei hadde heile tyngdi av innlandsisen yver seg. Det fyrste var det
folk som inkje vilde tru det. Men seinare etterøkingar hev gjeve Hel*
land rett.

Ein annan ting han drog fram var botnarne. Oberstløitnant Lorange
i uppmaalingi hadde lagt merkje til dei og han gav Helland løyve til aa ut*
nytta uppdagingi: det er desse skar elder sengj er paa skap som hestesko
mest paa nordsida av fjelli, t. d. paa «Dei 7 systrerne», paa Galdhø,
Glitretind o.s.v. som isen hev skura og brote seg, so fjellet stend der no
med «tindar og skar» titt som eit sageblad. Um alle slike ting fær me
sakkunnig utgreing med tilfang fraa utlendske granskarar og fraa andre
norske geologar. Men verkjet gløymer likevel inkje sine andre upp*
gaavur.

Hellands rikdom paa hugmaal og kunnskap speglar seg i det. Visst
held han seg til «planen». Du fær alt systematisk, rikt og fullt: heile
topografien og statistiken og alt det andre, utfyllt med nye ting, som han
hev auga for og tek med seg. Det er dette som gjev bokverket slik rik*
dom. Her er nett det sermerkte ved det: rikdomen paa upplysin*
gar og utgreidingar. Der det høver gjev han utførlege utgreidingar
um natur, livekor, arbeidskor, næringar, folkeliv, trudom, soga og mangt
anna, som folk inkje hev visst og tenkt paa. Slike utgreidingar, som
kunde gjevast ut i serprent, er det i mengd. Eg nemner nokre døme.
Fyrst og framst um skapnaen av landet: Berg og dalar, bræar og botnar,
fjordar og votn o.s.v.; og fraa næringslivet Gamalostlaging i Sogn og
Fjordarne, Trekfuglarne ved Lindesnes (Vestagder), Kvalveiding i boki um
Vestfold, Skogbruk i Austupland og fleire fylkje, Sildefiskje likeins i fleire
fylkje o. s. v. Men samstundes som han gjev aalmenne utsyn, so fær han
med seg alt det som sermerkar kvart fylkje i alle leider. Ser ein paa det
store verkjet i samanheng, so er det eit «Norigs skuggsjaa», ei avspegling
av Norigs land og folk, eit fullt Konversationsleksikon um Norig.

Some hev funne at det er for mykje eit samlarverk med for litet av
forfattarens eigje framlegg. Men det skal og maa vera ei rik samling av
upplysingar og framlegg fraa mange vitskaplege, offentlege og literære
kjellur. Forfattarens arbeid ligg i aa velja, vraka og samanstella. Og
maaten det er gjort paa er det som gjev samlararbeidet præg og merkje
av forfattaren, hans skjyn og smak. Men verkjet er mykje meir. I alle
bandi er det mykje som er likefram skrive utor forfattarens kunnskapar

62

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:50:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ahelland70/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free