- Project Runeberg -  Aasmund Vinje /
3

(1920) [MARC] Author: Vetle Vislie
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

I.

Aasmund Olavsson Vinje

er den fyrste store diktaren som er runnen like
or norsk folkedjup, og difor det fyrste sterke vitnemaalet
um norsk folkeaand som i røyndi heile
dansketidi hadde vore mot det framande upplysningsarbeidet
i Norig.

Me hadde havt mange diktarar som var fødde
i Norig; sume av deim hadde og levt i Norig og
skrive for nordmenn; men Vinje var den fyrste —
umfram Ivar Aasen — som heilt høyrer
Norig til
.

I dansketidi gjekk det tvo sterke straumdrag
millom Norig og Danmark: eit fraa den danske
storbyen attmed Øyresund uppyver til dei norske
strendene; det førde med seg tyske tankar, dansk
maal, dansk tenkjemaate, med eitt ord ein framand
kultur. Baade i det 16de og 17de hundradaaret
levde me mest av leivone fraa Tyskland og Danmark;
i det 18de tok me til aa faa meire samkvæme
med England att, og daa vart det onnorleis.

Fraa Norig gjekk der eit straumdrag til
Danmark; det førde med seg vaare beste søner; dei
skulde ganga i lære i «Kongens Kjøpenhamn», og
var dei daa framifraa evnerike, vart dei gjerne
verande der for levetidi. Soleis fekk danskane
Ludvig Holberg, Edvard Storm, J. H.



<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Jul 3 18:02:31 2016 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/aovinje/0003.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free