- Project Runeberg -  Aasmund Vinje /
4

(1920) [MARC] Author: Vetle Vislie
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Wessel o. fl. Dei var søner til embetsmenn
som sjølve hadde fenge mest all si upplæring i
dansk kultur; difor vart dei danske diktarar, endaa
um sume av deim t. d. Edvard Storm skreiv visor
paa norsk bygdemaal. Men det var meir for moro
skuld dei skreiv sovorne visor, og dei hadde vel
aldri tenkt seg at dette skulde vera det fyrste
upphavet til ei norsk maalreising.

Det var like eins med skaldane vaare etter
1814. Lyder Sagen er fraa Bergen, Johan
Storm Munch, Schwach, S.O. Wolff, M.C.
Hansen
er prestesøner og H. A.
Bjerregaard
er son til ein sakførar; noko sermerkt
norsk finn me ikkje stort av hjaa desse; dei skreiv
for det meste rein dansk like so vel som Holberg
og Wessel, endaa dei var byrge «søner av Norig,
det eldgamle rike».

Etter 1830 vart det eit stort skifte i heile vaart
aandsliv. Det er den store kulturstriden som daa
byrjar, striden millom det sernorske og danske to
i vaart aandsliv. Folket reiser seg daa til motstand
mot embetsmannsveldet, men fyrst og fremst mot
daneveldet og svenskeveldet. Det er fyrst daa dei
norske bøndene vaknar til fullt medvitende um
seg sjølv. Henrik Wergeland kallar paa
den norske folkeaand, som hadde vanka fredlaus i
skog og fjell, og byd bonden taka den plassen i
norsk riksstell og aandsliv han hadde rett til aa
hava.

Men Henrik Wergeland dyrkar ikkje det
nasjonale soleis som romantikken gjorde det i den tidi.
Han saag ikkje attende, men framyver:

«Skald, ei se du tilbage,
ei mod den runede sten!
ei imod høien, der gjemmer barbariske dage!
Lad ligge de skjolde! Lad smuldre de ben!»






<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 02:49:56 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/aovinje/0004.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free