- Project Runeberg -  Aasmund Vinje /
5

(1920) [MARC] Author: Vetle Vislie
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Tjodskapen eller nasjonaliteten er ikkje noko
ferdig som skal saltast ned og verta avgøymt, det
er aandslivet hjaa eit folk i evig vokster mot vidare
og ljosare høgder.

Dei sterke fridomstankane som braut upp att
etter det store atterslaget under det heilage samlaget,
hadde vekt honom, og han song um fridom
og fedreland, um sanning og kjærleik som ingen
skald fyre honom. Han synte seg i ætt med dei
store skaldane ute i Europa, dei som sende eit friskt
vêr av fridomstankar ut yver folki; me kann nemna
Victor Hugo i Frankrike og Byron og Shelly i
England. Han synte soleis at det nasjonale og
den aalmenne kulturen godt kann forlikast og maa
finnast hjaa kvart eit sjølvstendig, friskt og heilhuga
folk.

Welhaven var glad i straumdraget til og
fraa Danmark, og ottast at det vi!de turka burt
dersom me vart oss sjølve. Han bar i røyndi otte
baade for det nasjonale og det nyare aandslivet ute
i Europa. Wergeland og den norskdomsfylkingen
han samla, var ein faare for aandslivet i Norig, og
dei faakunnige bøndene som møtte so mannsterke
paa stortinget i 1833, ein faare for vaart riksliv.
Baade hjaa Welhaven og Schweigaard finn
me denne fo1kefæ1ske som altid sidan hev
sermerkt det unasjonale partiet baade i rikslivet
og aandslivet.

I denne tidi hev me daa alt dei tvo store hovudrenningar
i vaar aandelege vokster. Den eine parten
av det norske folket vil eit heilt fritt og
sjølvstendig Norig, baade i kultur og riksstell;
den andre eig ikkje tru paa vaar framtid, dersom
me skal staa aaleine.

Den siste fylkingen vart den sterkaste millom
1850—60, daa skandinavismen var so sterk.


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 02:49:56 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/aovinje/0005.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free