- Project Runeberg -  Aasmund Vinje /
6

(1920) [MARC] Author: Vetle Vislie
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Dette partiet braut horni av seg med framlegget
til ny riksakt, det som vart drepe i 1871, men
stritta daa likevel imot til 1884, daa det vart døyvt
med riksretts-domen yver Selmer. Denne fylkingen
vart me daa heilt ferdige med den 7de juni
1905, daa det norske folket vart samla paa heilt
nasjonalt grunnlag.

I aandslivet hev me enno tvidraget, og det vil
vel vara ei god stund fyrr me vert eitt folk med
eit heilt norsk maal. Grunnen til dette er daa at
dei menn som til dessar hev havt mest aa segja
baade i riksliv og aandsliv, hev bruka dansk eller
norsk-dansk maal, og det er rimeleg at det hev
vore soleis, av di det hev vore umogeleg aa faa
upplæring i norsk maal. Henrik Wergeland meinte
at me maatte faa eit maal som var norsk, ikkje
berre i namnet, «før aarhundret nedrødmer»; han
skreiv dikt paa norsk bygdemaal og var ein god
norslk mann for si tid; men han skreiv i det heile
dansk skriftmaal, endaa um han, likesom Welhaven
fraa 1840, blanda sitt maal med norske ord.
Og det var rimeleg at han bruka norsk-dansk
skriftmaal, med di at han liksom Welhaven var
son til ein prest og fødd i by, — Kristiansand.

Fyrst ikring 1850 fær me det fyrste reine
norske svaret paa det danske upplysnings-arbeidet
her i landet; daa byrjar den striden som endaa
ikkje er slutt, og som me endaa ikkje veit utgangen
paa: maalstriden. Det er Ivar Aasen,
bondeguten fraa Sunnmøre, som gjev ut ei
norsk maallære og ordbok og diktar songar og
spelstykke paa dette nye maalet, som i røyndi var
det gamle norske folkemaalet.

I 1858 byrjar Vinje med «Dølen»; han set
tanken ut i livet og gjev honom eit breidare grunnlag
i samhøve med dei aalmenne europeiske tankane

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Jul 3 18:02:31 2016 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/aovinje/0006.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free