- Project Runeberg -  Aasmund Vinje /
7

(1920) [MARC] Author: Vetle Vislie
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

i den tidi. Han var ingen vitskapsmann —
daa visst ikkje i maalvegen —, og han var ikkje
fylgjestreng korkje i maalføring eller rettskriving;
men han var ein større diktar enn Aasen, var meir
med i dagsens stræv og var soleis laga at folk
gjerne vilde høyra paa honom og lesa det han
skreiv.

Han gav det same svaret som Ivar Aasen, ikkje
berre paa vegner av det norske folket, men
fyrst og fremst for seg sjølv. Det danske maalet
var eit godt og høveleg maal for danskane, men
han for sin part vilde heller bruka sitt eige.

Dei som heldt paa kulturmaalet d. v. s. norsk-dansken,
maatte samla seg til strid mot «Dølen»
og tyna honom, av di dei saag at dei sjølv og
heile deira tenkjemaate maatte døy ut her i landet,
um «Dølen» skulde vera liv lage. Og dei sat med
magti.

Difor maatte den mannen som arbeidde mest
og djervast for saki verta martyr. Den gamle læra
at kvart framstig i kultur byrjar med at ein eller
fleire vert martyrar, stadfester seg daa ogso her.
For det fyrste steget paa kulturvegen tek eit folk,
naar det byrjar dyrka sitt eige maal.

Den mannen som skal verta sanningsvitne eller
martyr, maa eiga visse eigenskapar som mengdi
av folket ikkje hev. Den som er soleis laga at han
fylgjer den store straumen, han vert aldri martyr.
Martyrgaava eig den som hugen driv til aa
setja seg upp mot deim som hev makti, og som
hev vilje til aa ofra det som menneske vanleg elskar:
framtid, vener, ære, gods, ja liv. Me finn
hjaa desse ei harmfull og sorgfull gleda yver at
dei lid urett. Dei er so stolte at dei ikkje bed um
naade sllsr søkjer hjelp, og naar dei døyr, er dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 02:49:56 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/aovinje/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free