- Project Runeberg -  Aasmund Vinje /
12

(1920) [MARC] Author: Vetle Vislie
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

for liten, — «det høver ikkje i livsens
navarshol.»

Soleis var det med Vinje. Daa han kom til
Mandal, var han endaa den urøynde «naive»
fjellguten; han hadde age for smaabyfolki som saag
so fine ut; freista kanskje ei stund aa dana seg
etter deim. Men snart saag han at dette livet var
«utta blank og inna krank,» og han lo. Folk lest
hava kultur, heldt lag — baade «assambléer og
soiréer» — der dei knota framande maal og tedde
seg lik apekattar, so godt som dei kunde. Vinje
fann dette flirande og tok til aa spotta. Denne
underlege fjellguten, «Seminarist Olsen med det
eine auge», som dei smilte aat, lo høgt av deim, dei
høgvyrde borgarar i byen! Kor stygt han gjekk
klædd, og kor fæl og uflidd han var, sa damone.
Kor gudlaus og fræk han var, sa prestane og dei
trongsynte. Det var best aa kvitta seg med
honom so snart det var raad med, og so fann dei
paa aa skipa um skulen sin, so Vinje kunde furta
og draga seg tilbake.

I røvndi var det vel til lukke for Vinje at det
gjekk som det gjekk her òg. Han hadde alt fyrr
synt at han lengta ut fraa dette tronge holet til eit
større og rikare liv. Nokre vener hadde lova
honom pengehjelp, um han vilde studera. Daa desse
pengane ikkje kom med det same, vart han reint
hugvill og tenkte paa at han skude, fara til
Danmark og vera med i den slesvig-holsteinske
krigen. Men han raaka ikkje advokat Dunker som
skreiv inn friviljuge. Styraren av «Morgenbladet»
Stabell, let honom daa faa pengar, og so gjekk
han inn paa Heltbergs fabrikk, skulde lesa til
studenteksamen.

Det varde elles ikkje lenge, fyrr Vinje vart
uvener med Stabell. Stabell eller «Morgenbladet»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Jul 3 18:02:31 2016 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/aovinje/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free