- Project Runeberg -  Aasmund Vinje /
13

(1920) [MARC] Author: Vetle Vislie
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

var paa ein maate førar for bondepartiet i
stortinget, — dersom me daa kann tala um eit
bondeparti endaa. I 1845 hadde bøndene vore
mannsterke paa tinget og hadde alt fraa 1833 havt ein
mann som var godt laga til aa verta førar, — det
var O. G. Ueland. Det saag ut til at Søren
Jaabæk
kunde verta ein dugande tingmann,
naar han berre fekk lært meir. Han var alt daa
ein ivrig sparemann og arbeidde paa aa minka
utgiftene til embetsverket. Vinje hadde vore gode
vener med Jaabæk, daa han var i Mandal, og
Jaabæk hadde havt voner um at Vinje skulde verta
med i bondefylkingen og der gjera store ting.

Daa Vinje i 1848 kom til hovudstaden, hadde
dei sterke fridomstankane som slo ut i
februarrevolusjonen, fenge inngang. Vinje kom snart
saman med folk som hadde vorte tekne av desse
tankane, og daa han snart vart uvener med Stabell,
slo han seg fraa bondepartiet og vart
arbeidarven. I den tidi fór Markus Trane fraa bygd
til bygd og skipa arbeidarlag og desse kom fram
med krav um betre vilkaar for arbeidarstandet.
Harro Harring, ein mann fraa
«Sønder-Jylland», gav ut bladet «Folkets Røst», der skreiv
Vinje fleire stykke; sidan var han med og gav ut
eit anna arbeidarblad, som dei kalla «Tiden».

Som me veit, gjekk det gale med den fyrste
arbeidarreisingi her i landet. Rikisstjorni totte at
førarane gjekk for vidt, sette fast Markus Thrane
og jaga Harro Harring ut av landet. Bondepartiet
i stortinget hadde i fyrstningi synt litevetta
samhug med arbeidarane; men no vart bøndene og
skræmde, og det var berre ein einaste mann i
tinget som tala gode ord for deim, — det var Johan
Sverdrup
; men han stod endaa aaleine, og so
fekk me eit sterkt atterslag baade i politikken og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Jul 3 18:02:31 2016 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/aovinje/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free