- Project Runeberg -  Arne Garborg. En livsskildring /
2

(1914) [MARC] Author: Erik Lie
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

2

Upp fraa den laage Sandstranda tøygjer seg
eit armt, graatt Land med lyngbrune Bakkar og
bleike Myrar, yversaatt med Kampestein, trelaust
og berrt; avstengt mot Aust av ein lang, laag
Fjellgard. Endelaust synest den nakne Hei. Men
her og der blaanar ei einslig Tjønn, som ligg og
gror att, elder eit stort stilt Vatn. Her susar
Vinden Dag og Nott. Og Graavere ligg laagt
yver Vidda, der Haren rømer fraa Stein til Stein
og alslags brun og spettut og vill Fugl ligg i
løynde Rei og blinkar og blundar.

Yver det heile spenner Himmelen seg vid og
graa, fraa Fjellgarden til Havs og so vidt ein ser,
— det einaste ljose yver Tilvære. Den hev ein
for Augo kor ein gjeng. Full av Skyer og Storm
heng han mest altid. Stundom sig han aat Jorda
og sveiper Lande i Regn og Skodd som i ein
Duk. Og det rigner og rigner til Landet fløymer.

Her og der uppetter Bakkar og Rés kryp
laage Hus ihop i Smaakrullar som søkjande
Livd. I den tette Lufta hildrer dei seg halvt
burt, sveiper seg i Torvrøyk og Havdis som i
ein Draum; stengde og stille ligg dei burtetter
Vidderne som Tusseheimar. Rundt Husa
skim-tar det fram bleike grøne Flekkjer av Aaker og
Eng som Øyar i Lyngvidda; kvar Bite og kvar
Lepp er avstengd og innlødd med Steingjerde
som lange Røyser.

I desse Heimarne bur Folke.

Det er eit sterkt, tungt Folk, som grev seg
gjenom Live med Grubling og Slit, putlar med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Jul 3 18:02:56 2016 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/arnegenliv/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free