- Project Runeberg -  Barndomsminne /
7

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som møtte kong Sverre på Mjøsa, då han kom
søryvi frå Trondheimen med den vesle flokken
sin i 1177. Saman med Ivar Gjæsling frå Sandbu
i Vaagaa, og ein heitte Sæbjørn Sindreson, hadde
Halvard samla 1 400 mann og 18 skip. Og
Sverre drog burt att utan å legge til strid.

Men han kom att. Og då stod striden på
Saastad, der Halvard nett sat i godt lag med
tri hundrad og seksti gjester, og "endå mange
ubedne". For det skulde vera stor årsfest for den
nye kyrkja som var bygd på Saastad året fyrr.
Fest og stor messe.

Men som dei sat tilbords fyre messa braut
Birkebeinane inn. Og denne gongen kom Sverre
mannsterk, og dei som måtte røme var
Saastad-herren og gjestene hans.

Kong Sverre vart ved både gjestebodskosten
og garden, og han sa seg dermed herre yvi
Øysterdalen og alt Upplande.

So segjer soga.

Og når eg seinare i live hev høyrt um dei
lystige gjestebodi på Saastad i den tidi far min
fyllte hus og hagar der med liv og rørsle, då hev
eg ofte hugsa på Halvard og det dramatiske
gjes-tebode hans. Ogso i 50—60 åri kunde det gå
ganske villt for seg i gjestebodi på Heidmarki.1

1 I boki mi "Mens dansen går" hev eg nokre skildringar frå
denne glade tidi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free