- Project Runeberg -  Barndomsminne /
12

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vera med, for det var so vått ute, og eg hadde
ikkje kalosjer.

Eg gret, og Ferdinand stod ei stund rådlaus,
på gråten han og. Men so strauk han tårone
mine burt og sa: Gråt ikke du; jeg skal gå hjem
og si det til mama, jeg —

Og den elskelege mor hans visste råd. Um ei
stund kom han att med eit par flunkendes nye,
blanke gummiskor og sette framfyre meg.

"Må Hulda nu få lov å gå ut?" sa han byrg
og såg med dei vakre augo sine på mor.

Og då fekk eg sagte lov.

Me tykte båe det var svært ille, at me budde
kvar for seg, og ein dag sa Ferdinand, at når
me vart store skulde me gifte oss og bu saman.
Men helst vilde eg flutt til Ferdinand strakst.
Det store huse til dr. Weidemann med hagen
utanfor like ned ved Mjøs-strondi nord i byen,
var paradise mitt, og Ferdinand min avgud og
einaste ven.

Men lukka vår fekk ein brå ende, då han kom
på skulen. Kammeratane tok strakst til å gjera
narr av han, fordi han berre var saman med "en
pike", og so song dei det verse som var dikta um
oss i byen.

"Og Ferdinand Weidemann, det bustehue
og Hulda Bergersen skal bli hans frue,
og er det laga så er det likt,

12

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free