- Project Runeberg -  Barndomsminne /
14

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kva kar han var og ropa etter meg, at eg var "en
vemmelig pike som gikk med laset kjole".

Det var det verste han kunde segje, for den
kvendelege fåfenga var alt sterk i meg, og
klæde-spursmåle var eit sårt punkt. Mor, stakar, streva
nok med å halde meg heil, for eg var ei fæl
"Rivi-hel", som klatra i tre, ok på ei fjøl når eg ikkje
hadde kjelke og slost med borgarskulegutane.
(På Røde-Kors tilstellingi umbord på det gamle
krigsskipe Kong Sverre i 1910 fortalde
oberstløytnant Borchgrevinck meg, at me ofte hadde
slåst i akebakken fordi eg "foretrakk
Ferdinand.")

Akebakken framum alle andre var
kyrkjebak-ken og tvert yvi torge, som altid var folketomt.
Og so tvert yvi Strandgata, som ogso var tom,
og ned på strondi, der korkje jarnveg eller hus
stengde dengongen.

Laset kjole! Det var som han støytte meg ut
i det ytterste myrkre.

Han var upplærd til å tala so fint, d.e. so dansk
som råd var, og det gjorde han endå større og
meir vedunderleg i mine augo. Me streva nok
alle med å tala fint og halda oss fri for
"gatesproget" og "bondemålet", men det var ikkje so
greit. Dei sterke bygdemåli rann naturleg inn
yvi den vesle byen, der storparten av folke enno
var bøndar frå næraste bygdene, som dreiv sine

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free