- Project Runeberg -  Barndomsminne /
19

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

aller beste ved Marja var at ho fekk mor — eller
mama som me sa dengongen — til å le. Eg var
so glad når dei lo. Og eg lo sjølv so eg rulla
meg på golve. Stova vart ljos og hugleg i slike
stunder.

Men aldri lydde eg i større spaning, enn når
dei tala um systerne mine som var hjå far i
"Kristiania". Dei gjekk på frk. Bauers skule, og det kom
eit fotografi av dei som eg ikkje på lenge kunde
rive meg laus ifrå. Kunde prinsessor vera finare!
Eg vart hjartesår og hugsa Ferdinands ord um
kjolen min. Hadde eg havt slik kjole som Martha
og Sofie, og slik hatt med lange band nedetter
ryggen, so kunde Ferdinand aldri ha sagt det
stygge orde.

— Ein dag då eg var kring åtte år kom dei
til Hamar og vart hjå oss ei stund. Då hadde
dei skotske kjolar med små krinolinar under og
grå filthattar med raude fløyelsband ikring. Aldri
hev eg hata mine grå cordkjolar meir inderleg.
Cord var eit stivt slitety som eg altid fekk til
"skulekjolar". Men skulekjolen var sundagskjole
og, so lenge han var ny og blank. Når eg vart
stor skulde eg aldri sjå grå cord for augo mine!
Det vart ein av dei mange ting som fekk meg
til å lengte etter å bli stor og sjølv tene pengar!
Å, det var ein sæl draum gjenom heile
barn-domen!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free