- Project Runeberg -  Barndomsminne /
30

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gardsinteriøre i Brocksgarden er typisk for
den fyrste tidi det nye Hamar vart bygd. Dei
flutte landsens liv med seg inn i byen, og heile
Strandgata hadde ogso tun og uthus bak
framhuse mot gata. Det vart ogso ofte sagt at
Strandgata var "ei kulisse"; og attanfyre den var
"ingenting". Men det er gale. Attanfyre livde folke sitt
arbeids- og kvardagsliv. Plent som i dei tusund
små bondebyar i Provence, der ein mest aldri
ser folk på gata. Dei liver på baksida der hagar
og marker og vinbergi ligg.

Eg minnest so godt alt i den gamle
Bergers-garden frå eg i skuledagane gjekk der og las
engelsk med løytnant Brock. Brock var ein
original, vælkjend i alle Mjøsbygdene som talar og
framifrå "hestekar". I si rittmeistartid reiste han
kring i bygdene og vart populær i kvar gard for
sitt hesteskyn og sin sermerkte vittige men ogso
strenge måte å segje si meining på. I si
forvitne-lege bok "Fedrenegården" skriv Ole Hersoug
nokre ord um Brock, som syner at han var både
"fryktet og elsket". Han hermer Brocks ord um
den "stolte Ringsaker-eskadron, den raske Stange
og den tapre Toten".

Men gud nåde den "jeger", som ikkje hadde
"munderingen" sin i orden når Brock kom i
garden og skulde visitere.

Pålag slik var han og som lærår. Han dyrka

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free