- Project Runeberg -  Barndomsminne /
32

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 1912, då eg var i Harstad med Det norske
spellaget, møtte sanitetsoberst
Reichborn-Kjen-nerud på brygga, og me vart gjestfritt mottekne
i heimen hans der. Sjølvsagt tala me um Brock.
Og det var me samde um, at han var ein lærar
ein aldri gløymde — makelaus og morosam! Ein
original, som det gjekk mange segner um. Men
at Brock skal ha vore model til løytnant Hamar
i Bjørnsons "En Fallit", er for meg ikkje lett å
skyna.

— Eg råka Brock att ein gong etter mor og
eg var flutt til Oslo. Det var sumaren 76, då eg
var på Skøien i Romedal i ferien. Eg gjekk då
og las for Gustav Jensen i Vestre Aker og kjende
meg vaksi dame. Hadde fengje ein raud parasoll
og tok ein tur ned til Hamar for å syne meg på
Strandgata.

Då kom Brock imot meg og ropte: "Nei, er
det dig! Nu er du jo blit en stor dame med
parasol!"

Og so fortalde han lukkestrålande, at han var
trulova. "Hun heter Elisabeth! Og hun er enda
søtere enn du!"

Han song det ut, so eg måtte le. Han var då
plent den same.

Og eg tenkte, at dei tvo lærarane eg aldri
kunde gløyme, var dei tvo eg miste då eg reiste
frå Hamar, Gløersen og Brock.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free