- Project Runeberg -  Barndomsminne /
39

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

då. Ho var slet ikkje gift dengongen, og ikkje so
reint ung heil.

Eingong hadde Solberg fenge ny båt og spurde
um eg kunde gjette kva den skulde heite.
"Gjetter du rett skal du få ei kringle," sa han.

Eg gjetta og gjetta, men alt var gale. "Å nei,
du gjetter det nok ikke," meinte han. Men eg
var redd for å misse kringla og ropte: "Jo bi litt,
bi litt!"

"Ja, nå råkte du det," lo han. "Bi-litt" ska’n
hete, og her er kringla".

Dei bruka mykje slike snodige namn i
Mjøs-bygdene. På Toten var ein plass som heitte Bi-litt,
og andre som heitte "Stå-litt", og "Reka-på" og
"Gå-litt".

Idetheile er det hum øre eg best hugsar frå
den tidi. I alle dei gode handverkar-heimane
fanns denne friske, godlyndte og barnslege giede
ved all slag små-moro.

Verkstader av ymse slag var det mest i kvar
gard. Innanfyre dei tvohøgds husi som vende
mot gata, var det altid store innbygde
gardsrom, liksom gode landsens tun med uthus ikring.
Og i desse uthusi var ofte stall og fjøs, grishus,
vedskåle og verkstader. Iser verkstader. Og
mest i alle handverkarheimane var det vælstand
og godt humør. Eg minnest og at den
folkekjære bispen Folkestad — den fyrste bispen i

39

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free