- Project Runeberg -  Barndomsminne /
45

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

alle folki kom inn etter siste matmåle i det store
kjøkene i hovudbygningen.

Fyrste gongen eg var på Diesen gløymer eg
aldri. Alt var herlegt, ikkje minst
kinnmjølk-grauten me fekk til kvelds. Eg tok dugeleg til
meg, og vart so låk, at eg måtte gå frå borde.
Anne sat der vyrdeleg og fin i svart kjole med
smal kvit krage i halsen, kvite hand-kvardingar
og kvitt stiveskaut på hovude, og eg hadde slik
age for henne at eg mest ikkje våga gå inn att.
Ho var vei vond no, avdi eg ikkje greidde maten
ho gav meg. Men ho sa berre med ein logn smil:
"Det æ da forsætt je ska’ traktere dekk så de
kast’ opp lel."

Dermed vann ho hjarta mitt. Streng kunde
ho vera, og når eg vart for lenge uppi
drenge-stugu, der eg hadde mitt store publikum, og eg
stod på borde og song eller tala etter "admiral
Piccolomini", då kunde ho koma og segje som
so, at no skulde "alle småfrøkner legge seg". Og
då vart det stilt med ein gong, og eg skunda meg
ned av borde. Og so pilta eg med yvi tune til
den store bygningen, der eg hadde sengerome
mitt i andre høgdi. Berre sengi var for meg eit
eventyr, avdi underbreidsla var ein fin-fin
raud-og kvitflekkute kalvskinnsfeld. Eg reint kjæla for
denne feiden, so vakker og varm og god var han.
Enno idag hev eg slik ein kalvskinnsfeld på

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free