- Project Runeberg -  Barndomsminne /
48

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vegen framum der, syns eg enno det angar av
markjordber frå dei små hougane ned mot viki.
Og eg ser dei enno lyse av Maria Nøkleband
og Tiriltunge.

Men den gamle vyrdelege Anne Diesen stend
enno for meg som borgfruva i eventyri, ho som
rådde land og rike åleine, når herren var på
krigsstigen.

Tenarar og vaksne born synte henne ein
vyrd-nad og lydnad som beit merke i meg bybarne.
At bondeborni sa De til foreldri sine var for
meg det aller raraste. "De mor, De."

Soleis var tiltala. Og dei lydde etter svare dei
fekk på spursmåli sine; at dei skulde leggje imot
var utenkjeleg. "Mor" hadde alt i si hand, og

greie på kva ho tala um.

*



Det var ikkje berre på Grønstadsalen eg hadde
fått teften av teater. Eg hadde set "orntli teater"
på Jønsrudsalen, og var som fortrolla i lange
tider etterpå. Det var frøken Stabel, dotter til
gamle oberstinne Stabel, som tok meg med. Og
me såg "Reisen til Kina", og "Den svage side".
Det var syngestykke båe, men av det siste hugsa
eg berre ei line — "Ja, alle kvinder har sin svage
si-i-de".

Dess meir sette songane av "Reisen til Kina"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free