- Project Runeberg -  Barndomsminne /
50

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

"jønsrud’n på tørje
vil itte børje
sønner av Nørje
en toskjellings dram.

Meir hugsar eg ikkje av den visa, men ho hev
visst vore lenger, for dei laga gjerne lange visor.
Det var mest nokso harmlause nid-visor, som
til dømes den um "Elgen på Sagatun".
Sagatuns-folke, dei blide grundtvigianarane, var av eit
noko meir sentimentalt slag enn heidmarkingen.
Og det kom så smått fram i den visa. Ein ille
forkomin elg sumde ein dag i land nedpå strondi
ved stortorge, og Anker fekk han heim til
Sagatun og stelte væl med han. So stod det i visa:

— og han fikk sørpe med mjøl på,
så det nesten gjekk høi på —

Meir hugsar eg ikkje. Men eg hugsar den
stakkars elgen og uppstyre på strondi.

Ja, kva vart det ikkje dikta um og på
Sagatun! Men der kom sjølve dei store diktarane
med, Bjørnson og Jonas Lie, fyrst og fremst!

Men ogso eldhuga elevar sette seg på
vengje-hesten og song den nye skulens pris.

Då Sagatun vart bygd var Hamar ein ny by,
snaut femtan år gamal. Og det var ikkje
ven-tande at mange skulde skyna rett kva desse karane
vilde. Byen hadde vorte bispesæte, men hadde

50

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free