- Project Runeberg -  Barndomsminne /
52

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

So stor vart vei sigren ikkje; men endå trur
eg ikkje nokon heilt skynar, kva Sagatun vart
for heile Noregs land. Der vart grunnen rudd
for "Vonheim-skulen" i Gudbrandsdalen
(Christopher Bruuns folkehøgskule), Jakob Sverdrups
i Sogn og alle dei andre. Kva ein elles kann meine
um måten, visst er det vei, at desse skulane sådde
til eit stort turrland og vekte upp att gamalt
åndsliv millom bondefolke. Um enn den norske
bonden aldri var so djupt nede som den danske
då Grundtvig tok til.1

Det var ei forunderleg sundagsstemning yvi
alt på Sagatun. Jamvel eg som var eit barn
hadde altid ei løyndomsfull kjensle av at noko
stort gjekk fyre seg der. (Nyst råka eg den gamle
heidersmannen og Sagatuneleven, Lars Alhoug
frå Furnes og han sa: Med Sagatunskulen kom
ei ny tid til Upplandsbygdene).

Det var som noko ljost og vakkert stråla ut
derifrå altid.

Berre å sitja på huk på golve i den store stova
og sjå på mor prøve kjole på den vedunderleg
vakre fru Mix Anker, var som ei liti høgtid.

— Men Sagatun, som ei tid var det lysande
centrum for den vaknande norske folkeånd, fekk
diverre ei stutt livetid.

’ Eg v’l gjerne vise til Andreas Austlids bok "Salt frå
folke-høgskulen". Det er eit godt tidsbilæte.

52

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free