- Project Runeberg -  Barndomsminne /
53

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Snart fekk kvar landsdel sine eigne skular, og
den politiske striden kveste seg til og øydela
mykje.

*



Det var på Sagatun Kristian Gløersen i 1866
la fram planen for pikeskulen sin. Og det
foredrage han då heldt og seinare prenta i Hamar
Budstikke i 1866 er kulturhistorisk
forvitne-legt. So gamaldags han no kann synast oss, so var
skuleplanen hans likevel det fyrste stig på vegen
mot ein skule med friåre syn på kvendeleg
ut-daning.

I ein pikeskule vilde han helst ikkje ha
framande mål, iallfall berre eit, og då tysk. Og
når han vilde ha tysk (og ikkje som fyrr i "høiere
pikeskoler" fransk) so var det "fordi dette sprog,
hvad man så siger, har den mest dannende
litteratur".

Elles skulde hovudfagi vera "Modersmaalet",
naturfag og historie. Og i historie fleire timar
enn elles vanleg i pikeskular,1 og meir
person-og karakterteikning frå dei mest "merkande pe-

1 Det var ein pikeskule fyre Gløersens på Hamar, den
dansk-fødde fru Gyth’s. Ho kom frå Oslo i 1854, og på hennar skule
las dei mykje framande mål, lærde musik, finare handarbeid, og
fekk karakter for "holdning".

Eg minnest væl den gamle fine, kvithærde fru Gyth, med
"øre-krøller" og vakkert fransk sjal — altid med den runde
"kappe-korga" på armen, når ho trippa burtyvi Strandgata.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free