Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
rioder enn puging av milelange ætte-register,
krigar og årstal".
På soge-litteraturen la han stor vinn, idetheile
på "Nordens historie". Og læråren skulde
for-telje altsaman.
Ein merkar i alt folkehøgskulen og Grundtvigs
ånd.
"Smågjentone skulde ha soga i store trekk."
Dei skulde lære for live, for sitt liv, d. e. for
kalle som mødrar, for heimen. Me skulde som
han sa, "gudskelov ikke bli professorer".
Lenger var ikkje dei mest radikale
framstigs-menn komne dengongen. Ikkje eingong
Bjørnson. I eit brev til fru Karoline frå Dresden 1 7de
november 18621 finst nokre ord som det er
morosamt å lese no: "–Du skulde dog ta
dig til at læse lidt ... en kvinde behøver ikke
meget, men et vist stof, der kan tumle hendes
tanker lidt udover byen trenger hun dog, og du
skal aldri forsømme det. Og så skal du gå i
kirke." —
Der stod dei etter ortodoks uppfatning so
radikale Grundtvig-disciplane. Dei mest moderne
og upplyste menn.
Eg veit ikkje um Gløersen hadde lese
Rousseau, men at Grundtvig hadde, veit me. Og
Rousseaus idear og tankar um uppseding var
1 Grotid II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>