- Project Runeberg -  Barndomsminne /
57

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

å fylgje med i "civilisasjonens store dans," var
fårlegt og han citera Ivar Aasen: "Alt det som
no skal duga, det lyter vera stort." Og han gjorde
narr av "Engelsksvermeriet i vår tid" som syner
seg i tide og utide. I dei høgre samfundslag er
orde "kvinne" burtkome, no hadde me fengje
berre "damer" der. Og dette vilde segje, at
kvinna hev vorte ein "luksusartikkel", eit meir
og mindre nyttig leikety ein hev moro av, gifter
seg med, um ein hev råd til det "eller hvis damen
tillige har penger. Men saa maa hun ogsaa være
poleret saa hun kan glimre i selskapssalen, gjøre
honneurs i huset," tala mykje um ingenting
o. s. b." Dette skulde det no vera slutt med.

Skulen var nokso ny, då eg kom inn der,
men Gløersen vart for meg læråren yvi alle
andre.

Etterkvart lærde eg, at han hadde mykje å
strida med i den vesle byen.

Fyrst og fremst pietistane som var etter han
for religions-upplæringi. Der kom smågjentone
heim og fortalde han hadde sagt, at det var ikkje
synd å sitja med eit handarbeid um sundagane,
berre tankane var reine og gode!

Og det som verre var — me fekk lese eventyr
og anna stygt der fanden beintfram var nemnd.
Eg minnest at ein kjend lesar strika under dette
orde i leseboki til dotter si og sende ho til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free