- Project Runeberg -  Barndomsminne /
58

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gløersen med den merknad, at slikt var ikkje
lesnad for born.

At han lærde oss å elske naturi med alt som
grodde og voks og livde ikring oss, såg dei nok
heller ikkje det store ved. Dei dyrka bokstaven,
og såg ikkje utom sin eigen vesle ring.

Um sumaren tok han oss med utyvi
Stor-hamar-vegen i botaniktimane, og me fekk
poetiske utgreidingar um blomar og blad me sjølve
plukka. Skulen låg so lugumt til for desse
tu-rane, nørdst i byen og mest heilt ved den
idylliske strondi. So fort leirfivilen og blåveisen kom
fram um våren, var flokken ute. Og so samla
me oss um den eldgamle furua, som vart kalla
„Kongen", og han fortalde um alt me hadde
sanka so me hugsa det.

"Kongen" var soleis vaksen, at den digre
stom-nen hadde lagt seg horisontalt eit stykke yvi
bakken fyrr han skaut i vére. Det vart då den
her-legaste sofa, som den velduge kruna slo sin grøne
kjempeparasoll yvi, so me hadde skugge når soli
var for varm, og sat turre um regne kom på oss.

"Kongen" stod enno då eg helsa på gamle
tomter i 1932; men no var kruna og øvste
stom-nen burte. Berre sofaen stod att og var som det
herlegaste skulpturverk. Hundradår hev rita sine
runer i "Kongen" på Storhamarstrondi, og mange
ættled hev leika seg under kruna hans.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free