- Project Runeberg -  Barndomsminne /
59

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ogso um dette gamle tree tala Gløersen, so
det vart livande liv og lære samstundes.

Som den friluftsmann han var, jegar og fiskar,
hadde han ogso samla mangt vakkert og rart i
skog og mark, som han stundom tok fram og
synte oss. Og tala um det, so det vart livande
eventyr.

Eingong kom han med noko so forunderleg
fint millom hendane. Kva kunde det vera? Me
slo ring ikring han; alle vilde tett innåt og sjå!

Jau sanneleg — det var hamen av ein orm.
Ein retteleg hoggorm, eit udyr som ingen av
oss kjende. Han heldt so varsamt i den tunne
brunstripute hamen og sa at ingen måtte røre
ved han, for då gjekk han sund. Og so fortalde
han. Fortalde slik, at eg mest kom til å elske
dette fårlege dyre, som "hadde so vakre augo
og so storfint skinn". Ja, so teki vart eg av
for-teljingi hans, at eg gløymde meg sjølv, og fyrr
eg visste av det hadde eg vore burti hamen med
handi, og — sporden gjekk av. Eg vilde mest
dåne av skrekk. Gløersen vart vond og sa, at det
hadde han ikkje venta av meg — "hørte du ikke
hvad jeg sa."

Eg berre gret. Kva kunde det nytte å segja,
at eg sjølv ikkje visste av det fyrr det var gjort.

Men det var einaste gongen eg fekk eit
vondord av Gløersen, og det vart eit bittert minne.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0065.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free