- Project Runeberg -  Barndomsminne /
60

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Endå gjorde eg eit spik som verre var
ein-gong. Mor var reist til Kristiania og eg var so
ulukkeleg for eg ikkje fekk vera med. Skreiv
eit brev til henne og tagg og bad um å få koma
etter. Då fekk eg det svare, at eg fekk koma
då — um eg fekk lov av Gløersen og eg kunde
få lånt reisepengar.

Som ein galning sprang eg same
ettermiddagen i eit renn til Tokstad i Stange, der eg hadde
ein skulekammerat, som var litt eldre enn eg1.
Eg visste at far hennar, Mikkel Tokstad var snild
og hadde mange pengar, og eg våga meg til å
be han um det eg trong og fekk dei.

Neste dagen gjekk eg med bankande hjarta
på skulen. Tenk um no Gløersen sa nei! Den
tanken var ikkje til å halda ut, no, då eg hadde
pengane i lumma. Eg kvidde meg, so eg var
reint låk. I frikvartere ropte fru Gløersen2 meg
upp til seg. Stod so ljos og ven i vindauga og såg
at eg ikkje hadde skulemat som dei andre. Eg
gjekk upp.

Skulde eg segje det til henne? Ho kom imot
meg med den finaste skulemat, vørterkake med
geitost på! Det beste eg visste.

1 Petra Tokstad.

s Fru Gløersen var so ung og ljos og ven, og so god mot oss
at me såg upp til henne som til ein engel. Ho var dotter til
sokneprest van Kervel og namne hennar var Nancy Wilhelmine
Ca-tharine.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free