- Project Runeberg -  Barndomsminne /
61

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men ikkje kunde eg få sagt henne kva som
brann i meg.

Og ikkje fekk eg meg til å segje noko til
Gløersen heller.

Koss eg kom avgarde, veit eg sjølv ikkje lenger,
men same dagen var eg umbord i båten. Det var
som det voks vengjer på meg, og etterkvart sokk
Hamar og alt der ned i ein svart avgrunn bak meg.

Eg var på veg til Kristiania!

— At mor vart vond kom eg snart yvi, verre
var tanken på at eg skulde attende til skulen og
be Gløersen um tilgjeving. Um han no viste meg
burt frå skulen for altid — eg som hadde friplass
og alt!

Men då eg kom att, og ikkje fekk ord fram
for gråt, sa han berre: "Ja, du kan nok gråte.
Men la det nu være godt, så glemmer vi dette.
Det var ikke så greit, jeg skjønner nok det."

Hadde eg ikkje elska han fyrr, so gjorde eg
det visst etter den dagen.

— Renan segjer i fyreorde til si minnebok
frå barndomen og ungdomen, at ein aldri skal
skrive um anna enn det ein eiskar; med togn
og gløymsle skal ein straffe det ein tykte var
stygt på vandringi gjenom live.

Det er sjølvsagt skreve i sjølv-forsvar. Han
såg som alle born med vakne sansar vondt og
stygt nok. Ein må gløyme det og tegje med det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free