- Project Runeberg -  Barndomsminne /
62

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eller brotne under det. Ei bok um det vonde
vilde ikkje gje rom til anna. Vilde det gagn ein
kunde gjera med å rive upp i og breide ut alt
det stygge ein såg, vega upp den pine ein valda
seg sjølv med det?

Kanskje. Men det er menneskjeleg å verje seg.
Og med dei gode minne gjer ein allvisst ingen
andre skade.

Då eg i eldre år las dei nemnde ordi av Renan,
kom det so underleg for meg att, koss eg alt
tidleg i barndomen varde meg mot å hugsa det
vonde. Og eg hugsar koss eg vart medviten um
det. I eit selskap høyrde eg ein herre syngje eit
vers som eg lydde på, fordi eg tykte det var rart.

’jeg har i min kuffert et hemmeligt lukke,
som gjemmer så mangen en kostelig skat,
det er en erindring om alle de smukke
elskværdige piger som mig har forladt.

Et hemmeligt lukke. Det slo ned i meg.
For eg hadde sjølv liksom so mykje eg streva
med å gøyme og gløyme. Det var liksom ein
svart brunn inni meg, der eg putta ned slikt som
gjorde vondt å hugse. Og derned hadde eg nett
kasta tvo eldre mennar, som vitskremde meg.
Som eg måtte, måtte gløyme. Og eg smelte loke
att. Men rett som det var stakk det hovude
upp att.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free