- Project Runeberg -  Barndomsminne /
63

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og no sa eg til ei veninne at eg hadde eit
"hemmeligt lukke", og freista forklare henne
kva eg bruka det til, men ho skyna meg ikkje.
Sidan tala eg aldri meir um det.

Men etterkvart som live gjekk, måtte
gløymsle-brunnen gravast djupare, og mange tunge Steinar
veitast på loke. Likevel sprang det stundom upp,
og gjer det enno.

So vert det då vandt å skrive berre um det
eg elskar. Men det kunde då heller ikkje Renan.
Han elska m. a. ikkje internatskulen, "skulen
utan hjarta", men mykje skriv han um den.–

Etter eg kom burt frå Hamar, såg eg aldri
Gløersen. Men i 1898 då han redigerte "Norsk
forfatterforenings kalender" fekk eg eit par brev
frå han. I det eine segjer han m. a. — mine
småpigers tal kan vistnok skrives med 3 nuller
nu, og det er min glæde og stolthed, at nok de
fleste har skjønt, at jeg holdt av dem og prøvet
at give dem det beste jeg har magtet. Jeg synes
i mitt lange liv at have gjort den erfaring, at jeg
er begavet med to egenskaber, for hvilke jeg er
meget taknemmelig. Man siger nemlig, og jeg
tror det selv, at jeg har "unge-tække og
bikje-tække", og derover er jeg meget stolt. Disse
skabninger kan jeg give min varmeste kjærlighed,
og varm får jeg den igjen."

Då han for frå Hamar skreiv han eit dikt:

5 — Garborg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free