- Project Runeberg -  Barndomsminne /
66

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

den og uppyvi mot Sangenvegen og Sagatun.
Der budde "Magistraten", general Lowzow, dr.
Weidemann, Skappel, Platou og Brock, der var
Agersborgs apotek, Borgarskulen og Gløersens
skule. Kring nordre torg og stortorge voks dei
fram desse raude mursteinshusi, som heldt på å
skape ein eigen Hamar-stil. Tunge og myrke
var dei, men sermerkte med alle dei kvite
glas-og dørkarmar i det mursteinsraude.

Eg minnest Erik Werenskiold eingong sa det
var dumt dei hadde slutta med desse raude husi,
for elles kunde Hamar vorte ein stilfull by. Og
det er so. Men eg kann likevel ikkje tenkje meg
Strandgata utan dei ljose husi, som strålar imot
ein, so ein må tenkje på Nizza, når ein ser
Hamar frå Helgøya og Nes, eller kjem Mjøsvegen
ein sumardag.

— Me hadde ogso andre lærarar enn Gløersen
på skulen i Skappelgata. Eit par av dei hugsar
eg. Frøken Thora Rogstad, dotter til futen
Rogstad, som kom etter Bay, og den strenge frøken
Johanna Wang, som vart gift med missionær
Borchgrevinck, son til presten Borchgrevinck på
Nes, og reiste til Madagaskar. (Der skipa ho eit
asyl for smågjentor, som ber namne hennar.)

Frøken Rogstad1 var me svært glad i. Og for
meg var det ogso det, at ho høyrde heime i
"Bay-1 Seinare bispinne Bruun.

66

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free