- Project Runeberg -  Barndomsminne /
69

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde med frå Hamar. Og i Christiania fekk ho
ein underleg lagnad. Ho vart bytt i ein gitar hjå
den fyrste antikvitetshandlaren eg veit um i Oslo,
den trauste gudbrandsdølen og vinstremannen
Johannes Kvam i Osterhaugsgata. Han hadde
mangt rart, men var sers glad i allslag
musikinstrument.

Det var åre etter konfirmasjonen, då eg var
so sterkt religiøst teki, at eg måtte skaffe meg ein
gitar, so eg kunde lære meg å spela til alle dei
gudelege songane, fyrst og fremst Sankey og
Moody’s kjenslerike Jesus-songar. Det vart eit
år eller tvo i lukkeleg songrus, som stundom bar
inn i reine ørskesæla.

Men diverre vart gitaren nokre år etter seid
for ein billet til kunstnarkarnevale i
"Semiramis-paladset". Då hadde eg gjenomlivt ei jordisk og
mindre lukkeleg kjærleikssoge, hadde vorte
målmann og dyrka Thorvald Lammers og
folkevi-sone hans.

Og på karnevale i Semiramispaladset hadde
eg hardanger-bunad og fekk den store lukka å
danse med Lammers.

Gitaren sakna eg ikkje so mykje, for eg lærde

aldri å spela noko større på han —

*



69

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free