- Project Runeberg -  Barndomsminne /
71

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hugsar berre at det var strid millom
grundtvi-gianarane og "Seminarfolka"1.

Sagatun og Seminare var tvo motsette polar.
Og Gløersen, som hadde elevar frå båe lægri,
kom millom borken og veden. Naturleg vart
det då, at skulen ikkje kunde bli gamal i den
krosselden. Gløersen var visseleg altfor heilhuga
til å slå av på dei ideali han so varmt hadde
huglagt.

Eg minnest Gløersen som han gjekk i gatone
med tigerplaide yvi akslane og filthatt med ei
liti fjør i; ein retteleg Tyrolarhatt. Det var nytt
og morosamt. Eg hugsar ingen andre som gjekk
slik klædd, men eg ervde eit tigerplaid med hol
til å stikke hovude igjenom etter far, so det
hadde visst nyst vore mote. Det gjekk det orde
um far, at han var "forfengelig i klær" og hadde
god smak. Dei få ting som fylgde oss frå
Saa-stad-tidi synte at det var so. Han var som sagt
ofte i Kjøpenhamn og kom heim med mykje
stas derifrå til mor. "Altfor fint for Hamar og
Stange", sa mor. Og ho kvidde seg for å bruke
t. d. dei hattane han hadde med til henne. Då
kunde det hende han tok hatten og trampa på han.

Millom skulekammeratane mine var ogso
Ingeborg Sæhli, seinare fru dr. Hille på Aaker gard
ved Hamar. Soleis kom eg eingong på barneball

1 Oluf Saxe og Jensen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free