- Project Runeberg -  Barndomsminne /
74

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

På Seli havde jeg det meget morsomt vi spilte
lotteri og fruen hadde en hau med Gevinster og
jeg vandt 6 Sølvskeer1 og Frøken Bart holdt
Barne Selskab i Sangen2 og vi spiste under en
stor Bjærk nu maa jeg slutte mit korte og stygge
Brev Hils Papa.

Fra din Søster

Hulda Bergersen

*



Ja, eg hev mange minne frå storgardane kring
Mjøsa med sitt rike arbeidsliv og sin gamle
ser-merkte austlands-kultur. Men også på
smågar-dane og "borti stugunn’"fann eg vener og
heimehugnad, hjartelag og humør.

Og ein av dei smågardane som sette fantasien
min sterkast i sving var nettupp Sangen, som
eg nemner i det vesle breve til syster mi. Det
vesle bruke låg millom Sagatun og Storhamar,
men er no slukt av byen.

Dei grå gamle husi låg under ein liten
skog-klædd bakke, "Sangenberget". Eit av husi stod
i mi tid tomt. Det var av den eldste typen frå
bygdene der, tvohøgds med lange svalgangar
mot tune. Slik som me kjenner dei frå Gud-

1 Små dokkeskeier av blekk sydd på papp-plate.

’ "Aftensangen", den vesle garden like ovanum byen, som
eg seinare kjem til å skrive meir um.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free