- Project Runeberg -  Barndomsminne /
76

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kanskje var desse våpni eit minne um den
svenske vitjingi i 1576?

Det var elles ikkje sjeldsynt å finne våpn nokon
kvar stad i dei blømande bygdene kring Mjøsa.
Ofte høyrde eg um alt det rare far fann i jordi
på Saastad, då han la hundrad mål ny jord under
plogen der. Våpn, metal-spenne, mannabein o.
a. Dei siste kunde vei vera frå den gamle
kyr-kjegarden der. Men ogso frå den gongen kong
Sverre drakk upp gjestebodsmjøden for Halvor
lendermann.

I minne mitt ser eg ho no, gamle mor Sangen,
som ei gamal volve som sit og mullar
løyndomsfulle ting med hendane knepte i fange. Men
ofte sukkar ho so tungt og tek upp att og upp
att "Å stakars folk, å stakars folk — å herregud,
å stakars folk!"

Og mor og ho og den tilårskomne dotteri tala
so mykje rart saman. Og ofte nemnde dei far og
den avlidne mannen på garden, Villiam Sangen.

Sopass skyna eg, at ei ulukke eingong var
hendt på garden, og at ei ny ulukke venta. Men
når dei kom inn på dette, vart eg redd og sprang
ut. Eg kjende ei uhygge som eg måtte leike av
meg i fjøse hjå dyri, eller i det vesle skogholte
bak garden.

Det var noko eg ikkje skyna. Noko som
gøymde seg liksom trolli og huldra i skogen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free