- Project Runeberg -  Barndomsminne /
77

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men det var der. Eg kjende det ikring meg
der-inne hjå dei gamle.1

Berre når dei kom ut og drakk kaffi under
den store grani nedpå jorde var eg heilt trygg.
Og då var mor Sangen so blid og snild. So lite
ho hadde å fara med i den tidi, fekk eg altid
noko godt av henne, "bån-ost" og "kjinn-gås" og
"bulle"2 og annan fin-fin bondekost "åt bonom".

Soga til den vesle Sangen-garden var ikkje
lang, men meir romantisk og dramatisk enn mang
ei lang ættesoge. Noko av ho er å finne i gamle
Hamar-blad, men noko hev ein gamal
heiders-mann på Furnes (Lars Alhoug) fortalt meg. Han
liver enno (1933) og er med sine 84 år ei
li-vande sogebok frå Sagatun-tidi og den politiske
striden i 70-80 åri.

Mor til mi gamle mor Sangen hadde tent på
Storhamar og fenge Sangen-garden som gåve av
husbonden sin; men han gløymde nok å gjeva
henne "papir" på eigedomen, då ho flutte dit

1 I Statsarkivet på Hamar hev eg funne dokument som syner
at far nok hev havt litt med Sangen-tragedia som sakførar.

M. a. "Arrestforretning tinglæst 21de september 1859.
Avholdt 12te september 1859 hvorved Overretssagfører Bergersen
giver arrest og beslag hos Villiam Jølstad (Sangen) i en komode,
1 piedestal, 1 rødmalet birketræs slagbord, 1 poleret birketræs bord,
et speil med forgylt ramme, 6 stole af birk og 1 sortsidet ko for
beregnings-sum 25 Spcd. 62 sk. efter beslutning . . . ."o. s. b.

Dokumentet er underskreve av C. Bay, Andersen, smed, og
Morterud.

2 Bulle: små runde omnsbrød.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free