- Project Runeberg -  Barndomsminne /
81

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ord av den tettvaksne amtmannen med det strenge
andlite og det gode hjarta.

Når dørene stod opne fekk me ogso ein glytt
inn i den store, staselege hagestova.

Amtmann Kyhn flutte nok seinare ut på
Høiensalsodden1 i Bays gamle hus, der han
døydde i 1890. På Hamars vakre kyrkjegard
hev "medborgere i Hedemarkens amt" reist eit
minnesmerke yvi den populære embætsmannen.
Plan gjorde nok mykje godt for den vesle
Mjøs-byen, ikkje minst i den tidi han var på stortinge.

Det er nokre hovdingtyper frå mi tid eg altid
ser for meg. Bay, Andreas Sæhli, høgrehovdingen
og storbonden frå Vang, staut og vakker,
Folkestad, det nye Hamars fyrste bisp, den populære,
åndeleg og likamleg, fullkomne mannen,
amtmann Kyhn og det nye Hamars rettelege far,
gamle amtmann Heidemann.

Folkestad og Heidemann hadde eg aldri set,
men bilæte av dei kjende eg frå mange heimar,
og Gløersen nemnde dei. Dei var so store, vakre
og vælfødde desse karane, — amtmann
Heidemann måtte etter bilæte å døme ha vore ei rein
kjempe. Og Folkestad, telemarksguten som vart
bisp, var ein overlag stateleg kyrkjehovding.
Bay og Kyhn var visst ikkje nett so vakre; men
dei hadde breide, sterke andlit, som ein hugsar.

1 Seinare kalla Sterudodden.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free