- Project Runeberg -  Barndomsminne /
82

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Grannen til amtmann Kyhn på nordre
hyrne av torge, var Jønsrud med "det morosame
huset". Det var no fyrst og fremst
brennvins-handelen nedunder og teatersalen ovanpå der det
jamt var mange slag moro, dans, foredrag,
teater, folkemøte og mykje anna rart.

På "Gråbergsalen" var visst og mange slag
moro, men dit kom eg aldri. Heller ikkje var eg
inne på Kluges hotel, som nok ogso var populært.
Det låg der den vesle parken ved jarnvegstasjonen
no er.

*



I seksti-åri rusla små jarnvegstog millom
Hamar og Elvrom. Og med desse vedunderi vart
det etterkvart umvelting i bygdelive.

Eg minnest ein svensk sålmakarsvein, som kom
til Hamar for å stoppe dei fine putesæti i dei fine
andre-klassevognene. Han het Edlund og var
sjølv so fin, at han altid tala um "franska brødet
med smør og ost" og "lybsk pølse" og anna
sovore. Då eg fekk vita, at lybsk pølse var
heste-pølse, trudde eg sjølvsagt det måtte vera av
lybske hestar, og dei vaksne sa ja. Sjølvsagt. At
den populære pylsa var eller skulde vera frå
Lybeck visste dei vei ikkje sjølve. Denne mannen
gav meg stundom små dokkelappar av herleg
raud plysch, og liv og moro var det med han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free