- Project Runeberg -  Barndomsminne /
89

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dei tvo damone var elles på gjesting hjå
presten Gedde1 og millom prestegarden og
Harstad var vegen stutt og venskapen stor.

Når eg no tenkjer attende på Harstad og
huslyden der, er det helst damone eg hugsar, den
aristokratiske "holdning" og høgreiste hovudburd,
den korrekte "sirlige" tonen, dei stemte heile
samvære i, og som stundom kunde kjennast eit grand
brysam for ein villkatt frå Strandgata. Men
hjar-telage låg alitid under. Alt i alt var det den høgt
kultiverte heimen, som naturleg vart eit centrum
i bygdi.

Frøken Bentsen var av same typen som dei
unge på Harstad.

Når eg seinare i live hev møtt fru Janson —
no doktarfruve i Danmark, hev eg altid set fyre
meg dei fire ljosmøyane frå hin sumaren på
Harstad (1876). Ho kunde godt vore syster til
Dreiers. Fyrst og fremst hadde ho same gylne
hårrikdomen.

Endå so seint som i 1926, då eg råka henne

i Vilhelm Gedde, frå 1872-1900 sokneprest til Romedal, hev
skrive nokre minne frå barndomen til siste leveåri sine. Dei vart
fyrst prenta i Hamar Budstikke, sidan send ut i 100 serprent "som
manuskript for slægt og venner". Det er fem små hefte som fru
Oliv Øvergård på Skøien i Romedal hev lånt meg. "Til fru Karen
Skøien med hilsen fra angjeldende" stend det utanpå. (FruK. S.
var fru Ødegårds mor.)

Det er små forvitnelege glimt av norsk kultursoge frå
1820-åri til 1900. Og der er mykje um Harstad, Horne, Skøien,
Hørsand, Løkenkvern o. a. gardar der presten hadde sine beste vener.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free