- Project Runeberg -  Barndomsminne /
91

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

at Gud hadde skapt frøkner til kanavasaum og
husmannsgjentor til å stelle kyr og griser, skure
og vaske —

Dei tvo eldste døtterne på Harstad, Lulla og
Bergljot vart gifte i Danmark, og fekk nok
hei-mar der dei vonleg nettupp fekk bruk for det
Harstad-heimen hadde lært dei upp til.

Vilhelma, den næst yngste vart gift med
professor Myhrvold ved høgskulcn på Aas, der eg
seinare i live såg henne att som ei stilfull og
dugleg husfruve.

Men den aller yngste, Belly, seinare fru
Isachsen, som eg ikkje minnest frå barndomen,
er no styrar for "Gamlehjemmet" i Løten — vyrd
og avhaldi for sin dugleik og kjærlege umsut for
sine gamle bom. Ho stod den nye tid nærare,
den tid, då kvinna — til det vonde eller det gode
— kom burt frå knipleputa og kanavasaumen og
måtte ta upp kvardags-striden for tilvære med
eigne hendar. Ho, som i ungdomen aldri hadde
vaska ein lummeduk, ho hev no fengje ta i med
arbeid som husmannsg’entone i hennar ungdom
var fødd til.

— Enno kan ein høyre gode bondekvinnor i
Romedal fortelja um fru Dreier og alt dei lærde
på Harstad.

"I min ungdom syntes vi alt som kom frå
Harstad var finare enn vårt eige," sa ei av dei

91

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free