- Project Runeberg -  Barndomsminne /
95

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Det var fyrst i åttiåri, eg var komi til Oslo
og hadde fått post i Brødrene Doblougs
forretning. Og ho var attkomi frå Paris og skulde
syngje på ein av Erika Nissens folkekjære
konsertar. Eg hadde ikkje stor løni dengongen, men
ein billet til denne konserten måtte eg skaffe
meg.

Det var ei ære for ei ung songmøy å få stige
fram saman med Erika Nissen fyrste gongen ho
skulde syngje offentleg. Og eg var stolt og glad,
og såg meg endå utveg til å kaupe ein liten
blomstr-bukett med uthoggen papirkrans ikring.
Skreiv so på eit kort som eg feste til blomane:

“u takk for alt ifra vi var smaa,
jeg vidste legen ei skulde gaa
op i de graanende dage.“

Og med bankande hjarta sende eg det inn på
kunstnar-rome i Brødrene Hals’ konsertsal.

Spent og sentimental, redd som det var meg
sjølv som skulde fram, sat eg so og venta på ho
skulde syne seg.

Eg hadde sjølv havt nok av kunstnardraumar,
men no måtte det vera slutt med draum og dikt;
live sjølv peika ut andre vegar for meg.

Koss det i røyndi gjekk med konserten minnest
eg ikkje lenger. Berre at eg sjølv tykte ho song
som ein engel.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free